JUNG TJØNN, BRYNJULF
FORFATTER / DRAMATIKKER
Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er forfattar og dramatikar. Fødd i Sør-Korea, men vakse opp som odelsgut i Sogn og Fjordane. Han debuterte i 2002 med romanen Eg kom for å elske. I 2013 vann han Brageprisen for Så vakker du er, som blei dramatisert på Sogn og Fjordane Teater. I 2017 ga han ut Alt det lyse og alt det mørke, som også blei dramatisert på Sogn og Fjordane Teater. I 2021 vann han P2-lytternes romanpris for romanen Kvar dag skal vi vere så modige. For diktsamlinga Kvit, norsk mann (2022), blei han tildelt både Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris. Kvit, norsk mann blei også Tjønns debut som dramatikar hausten 2024 på Vega Scene i Oslo og Den Nationale Scene i Bergen. Hausten 2024 ga han ut diktsamlinga Norsk kjærleik. Han har også fått Samlagsprisen for forfattarskapen sin.
Frå 2020 til 2022 var Tjønn Husdramatikar på Dramatikkens hus.
KVIT, NORSK MANN
Kvit, norsk mann er ei forestilling basert på en samling vonde og kloke – men tidvis også morosame – dikt om norsk oppvekst og
norsk rasisme.
Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Norge
som ei reserveløysing, eit gjenbruksbarn som blir
odelsgut? Det hadde vore enklare om han var kvit,
norsk mann. Då ville ikkje born ropt
ching-chong-kinamann etter han. Eller folk lurt på kor
han eigentleg kjem frå.
Kvit, norsk mann byggjar på forfattaren sine eigne
erfaringar,
Autor/Autorer:
X
Originaltittel:
Kvit, norsk mann
Originalforfatter:
Basert på:
Antall i orkester:
Dramatisert av:
Musikk av:
Antall medvirkende:
1
Tilgjengelige språk:
NO (nynorsk)/ FI / SERBISK
Varighet:
Representasjon:
Representasjon:
Brynjulf Jung Tjønn